Ferievikarar og ungdom søkjast til sommararbeid 2026 – Miljøterapitenesta i Vågå kommune
Vis alle stillingsdetaljer
Om stillingen
Arbeidsperiode: 23.06.2026 – 17.08.2026.
Ekstra honorar blir utbetalt til dei som fullfører ferievikariat eller sommararbeid.
I Miljøterapitenesta arbeider vi med menneske både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming. Vi legg vekt på målretta miljøarbeid slik at kvar enkelt brukar kan oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Arbeidsoppgåver vil vere:
- Miljøarbeid og praktisk bistand
- Aktivisering og rettleiing
- Turnusarbeid
Vi søkjer deg som
- Har fylt 18 år ved oppstart (eller fyller 16 år i 2026)
- Vil arbeide med folk og bidra til meistring og trivsel
- Er fleksibel, ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og har godt humør
- Fortrinnsvis kan arbeide i heile perioden (ønskje om eventuelle fridagar i perioda opplysar du om i søknaden)
- Har eit hjarte for menneske og eit auge for gode løysingar.
- Kommuniserer godt på norsk bade munnleg og skriftleg (minimum nivå B1).
- Har plettfri vandel og kan levere politiattest.
- Førarkort klasse B er ein fordel
- Erfaring er fint, men ikkje nødvendig
- Helse-/sosialfagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi kan tilby
- Du får ein jobb der du faktisk gjer dagen betre for andre.
- God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
- Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.
- Bonusordning etter fullført vikariat.
- Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.
Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: Vi tilsetjer fortløpande fram mot sommaren.
Spørsmål?
Kontakt avdelingsleiar Bente Rannstad Haugen. Telefon: 93 60 45 08 /E-post: bente.rannstad.haugen@vaga.kommune.no
Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Merk: Søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i så fall bli varsla på førehand.
Om Vågå kommune
Vågå ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein triveleg handelsstad med godt servicetilbod. Vågå har ca. 3 550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit rikt kulturliv.