Daglig Leder - Vågå idrettslag
Vis alle stillingsdetaljer
Om stillingen
Vi søkjer ein engasjert og positiv dagleg leiar i 40-60 % stilling som vil vere med å utvikle Vågå IL vidare. Vågå Idrettslag er ein viktig møteplass for store og små i bygda – ein plass der idrett, fellesskap og glede står i sentrum.
Vi søkjer deg som
- Brenner for idretten og lokalsamfunnet
- Er flink med folk, trivst i møte med alle typar menneske og skapar gode relasjonar
- Har godt humør, drivkraft og evne til å inspirere andre
- Jobbar strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
- Har erfaring frå administrasjon, økonomi og organisasjonsarbeid, fortrinnsvis innanfor idrett/friviljug arbeid
- Har kjennskap til søknadsarbeid, sponsing og prosjektutvikling
- Har gode digitale ferdigheiter og kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift og administrasjon av idrettslaget
- Økonomioppfølging, budsjettarbeid og søknadar om tilskot
- Arbeid med sponsoravtalar og samarbeidspartnarar
- Støtte og oppfølging av idrettsgruppene (fotball, handball m.fl.)
- Tilrettelegging for dugnad, arrangement og frivillig aktivitet
- Kommunikasjon, informasjon og synleggjering av idrettslaget
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og fleksibel stilling i hjartet av Vågå
- Eit miljø fullt av engasjerte frivillige, trenarar og aktive
- Høve til å påverke utviklinga av Vågå IL som sosial møteplass for alle
- Lønn etter avtale
Om bedriften
Vågå Idrettslag er eit aktivt og inkluderande fleiridrettslag med 2 store undergrupper, fotball og håndball. Vi er om lag 600 medlemmar.
Laget har som mål å skape idrettsglede, meistring og fellesskap for alle, uansett alder og nivå.
Vågå IL har fleire aktive grupper — mellom anna fotball, handball, tennis, ski, barneidrett og trim — og engasjerer både barn, ungdom og vaksne gjennom heile året.
Vi er ein naturleg samarbeidspart for store og små arrangement i bygda.
Gjennom eit sterkt frivillig engasjement, gode anlegg og eit inkluderande miljø er Vågå IL ein viktig sosial møteplass i lokalsamfunnet.
Vi ønskjer å gi rom for både breiddeidrett og gode utviklingsmoglegheiter for dei som vil satse.
Saman jobbar vi for at idretten i Vågå skal vere tilgjengeleg, trygg og meiningsfull — for alle.
Ta gjerne kontakt med styreleder Vidar Elda, 900 79 370 eller Yngve Eek Ottesen, 478 05 050 om du har spørsmål til stillinga.