Fagarbeidar / SFO

Utdanning Fast - 50-100% Frist: 20.02.2026 5 stillinger
Vis alle stillingsdetaljer
Kategori Utdanning
Stillingstype Fast
Stillingsprosent 50-100%
Antall stillinger 5
Kommune Lesja
Søknadsfrist 20.02.2026

Om stillingen

Fjellnær friskule er ein ny kristen friskule for 1.–10. trinn, med oppstart i august 2026. Skulen ligg på Lesjaskog i Lesja kommune, tett på naturen og nærmiljøet. Vi ynskjer å gjeva elevane ein trygg, meiningsfull og aktiv skulekvardag – med rom for læring, fellesskap og livsglede. Skulen er nyleg godkjent av UDIR og vil motta statstilskot til drift for inntil 85 elevar.

Vi søkjer no engasjerte og relasjonssterke vaksne som vil vere med og forme ein ny skule frå grunnen av.

Fjellnær friskule er

  • friluftsliv og uteskule
  • stor bruk av nærmiljø og lokalsamfunn i undervisninga
  • sterke relasjonar og inkluderande fellesskap
  • ein aldersblanda skule for elevar og familiar med ulik bakgrunn
  • kristne verdiar forankra i respekt og nestekjærleik, med eit godt samarbeid med Den norske kyrkja

Fagarbeidarstillingar kan kombinerast med stillingar på SFO.

 

Vi ser etter deg som kan

  • støtte elevar i læring, trivsel og sosial utvikling
  • bidra i undervisning, uteskule og praktiske aktivitetar
  • vere ein trygg vaksen som byggjer gode relasjonar
  • samarbeide tett med lærarar, rektor og føresette
  • bidra til eit inkluderande og varmt skulemiljø

Vi ynskjer at du 

  • har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men vi oppfordrar alle med relevant bakgrunn eller erfaring å søke!
  • er trygg, omsorgsfull og god på relasjonar
  • trivst med uteaktivitet og varierte arbeidsoppgåver

Vi kan tilby deg

  • høve til å vere med og forme ein ny skule
  • eit lite og engasjert arbeidsmiljø
  • varierte dagar med mykje praktisk arbeid og elevkontakt
  • både fulltids- og deltidsstillingar
  • løn og vilkår etter avtale

Gyldig politiattest må framleggast før ein kan tiltre stillinga.