Ferievikar helsesekretær

Helse, omsorg, medisin og biologi Sommer/sesong Frist: 28.02.2026
Vis alle stillingsdetaljer
Kategori Helse, omsorg, medisin og biologi
Stillingstype Sommer/sesong
Arbeidssted Lom legekontor
Kommune Lom
Oppstart 29.06.2026
Sluttdato 31.07.2026
Søknadsfrist 28.02.2026

Om stillingen

Lom legekontor søkjer engasjerte ferievikarar for helsesekretærane i vekene 27–31. Søknadsfrist: 28.02.2026.

Hjå oss får du ein spanande og hektisk arbeidskvardag, der du blir ein viktig del av eit triveleg og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte og gir verdifull erfaring frå primærhelsetenesta.

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer deg som er:

  • serviceinnstilt og imøtekomande
  • fleksibel og løysingsorientert
  • trygg i møte med pasientar og kollegaer

Vi søkjer primært deg med helsefagleg bakgrunn, til dømes helsesekretær, sjukepleiar eller helsefagarbeidar. Studentar og ufaglærte med relevant praksis er òg hjarteleg velkomne til å søkje!

Arbeidsoppgåver

  • Telefon og ekspedisjon
  • Post- og journalarbeid
  • Laboratorie- og skadestuearbeid
  • Assistere legar ved behov

Vi kan tilby

  • Ein lærerik og meiningsfull sommarjobb
  • God opplæring og tett samarbeid i team
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale