Ferievikar til Vågå helsesenter
Vis alle stillingsdetaljer
Om stillingen
Kvifor velje oss?
- Interessant arbeid, og eit ferievikariat det ikkje finst så mange av
- God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
- Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.
- Bonusordning etter fullført vikariat.
- Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.
- Ordna arbeidstid og gode vilkår etter gjeldande tariffavtale.
Legekontoret ved Vågå helsesenter:
- Legekontoret består i dag av 5 fastlegar og 1 LiS1 lege, bioingeniør, sjukepleiar og helsesekretærar
- Din rolle er variert med både helsefaglege og administrative oppgåver.
Arbeidsoppgåver:
- Pasientmottak i luke og på telefon
- Timeavtaler og logistikkarbeid
- Journalføring og dokumentasjon
- Vi nytter Infodoc som journalsystem
- Hovudoppgåvene er klinisk retta mot legetenesta, men det blir også gjeve skranketeneste for helsestasjonstenesta, jordmor, fysio/ergoterapiteneste og Rus og psykisk helseteneste
Vi ser etter deg som:
- Har fylt 18 år
- Relevant helsefagleg utdanning eller kanskje er du student innan helsefag
- Erfaring er fint, men ikkje nødvendig
- Er fleksibel, positiv og klar for å ta ansvar.
- Serviceinnstilt og kommuniserer godt på norsk, bade munnleg og skriftleg (min. B1).
- Du må kunne jobbe sjølvstendig, men også i team.
- Har plettfri vandel og kan levere politiattest.
Ønskjer om eventuelle fridagar I perioda opplysar du om I søknaden, og seinast innan 1.april.
Send oss ein søknad – og bli med på laget!
Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema.Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 02.03.2026
Kontaktperson ved spørsmål: Tenesteleiar Helse og Rehabilitering, Liv Randi Olasveen, liv.olasveen@vaga.kommune.no, mobil: 99028291/47627394
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.