Ferievikarar og ungdom søkjast til sommararbeid 2026 – Miljøterapitenesta i Vågå kommune

Helse, omsorg, medisin og biologi Sommer/sesong - 100% Frist: 30.06.2026
Vis alle stillingsdetaljer
Kategori Helse, omsorg, medisin og biologi
Stillingstype Sommer/sesong
Stillingsprosent 100%
Arbeidssted Miljøterapitenesta i Vågå kommune
Kommune Vågå
Oppstart 23.06.2026
Sluttdato 17.08.2026
Søknadsfrist 30.06.2026

Om stillingen

Vi har spennande moglegheiter for deg som ønskjer å arbeide innanfor Miljøterapitenesta i Vågå kommune denne sommaren!

Arbeidsperiode: 23.06.2026 – 17.08.2026.

Ekstra honorar blir utbetalt til dei som fullfører ferievikariat eller sommararbeid.

 

Om Miljøterapitenesta

I Miljøterapitenesta arbeider vi med menneske både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming. Vi legg vekt på målretta miljøarbeid slik at kvar enkelt brukar kan oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Miljøarbeid og praktisk bistand
  • Aktivisering og rettleiing
  • Turnusarbeid

 

Vi søkjer deg som

  • Har fylt 18 år ved oppstart (eller fyller 16 år i 2026)
  • Vil arbeide med folk og bidra til meistring og trivsel 
  • Er fleksibel, ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og har godt humør
  • Fortrinnsvis kan arbeide i heile perioden (ønskje om eventuelle fridagar i perioda opplysar du om i søknaden)
  • Har eit hjarte for menneske og eit auge for gode løysingar.
  • Kommuniserer godt på norsk bade munnleg og skriftleg (minimum nivå B1).
  • Har plettfri vandel og kan levere politiattest.
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • Erfaring er fint, men ikkje nødvendig 
  • Helse-/sosialfagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

 

Vi kan tilby

  • Du får ein jobb der du faktisk gjer dagen betre for andre.
  • God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer. 
  • Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.
  • Bonusordning etter fullført vikariat.
  • Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter. 

 

Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no. 

Søknadsfrist: Vi tilsetjer fortløpande fram mot sommaren. 

Spørsmål? 

Kontakt avdelingsleiar Bente Rannstad Haugen. Telefon: 93 60 45 08 /E-post: bente.rannstad.haugen@vaga.kommune.no

Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. 

Merk: Søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i så fall bli varsla på førehand.

 

Om Vågå kommune

Vågå ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein triveleg handelsstad med godt servicetilbod. Vågå har ca. 3 550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit rikt kulturliv.

Her søker du
Gå til søknadsskjema