Framoverlent prosjektmedarbeidar

Admin./økonomi, kontor og jus Midlertidig - 100% Frist: 22.02.2026
Vis alle stillingsdetaljer
Kategori Admin./økonomi, kontor og jus
Stillingstype Midlertidig
Stillingsprosent 100%
Antall stillinger 1
Arbeidssted Nord-Gudbrandsdal, kontorsted Dovre/Dombås
Kommune Dovre
Oppstart 29.03.2026
Sluttdato 01.04.2028
Søknadsfrist 22.02.2026

Om stillingen

Vil du vere med å effektivisere og digitalisere drifta i NGR?

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) lyser ut ei mellombels stilling som framoverlent prosjektmedarbeider frå snarast.

Vi søkjer ein framoverlent og nytenkjande person, med gode digitale ferdigheiter og gjerne med kjennskap til prosjektarbeid. Stillinga er 100% stilling som prosjektmedarbeidar i NGR. Stillinga er mellombels frå snarast – 1.04.2028.

Kvalifikasjonar:

  • Inneha kompetanse frå IKT, digitalisering og prosjekt (Utdanning, kurs eller fagbrev og erfaring).
  • Erfaring fra digitaliseringsprosjekt, kvalitetsarbeid og bruk av IKT.
  • Gjerne ha kjennskap til renovasjonsbransjen.
  • Inneha B førarkort.
  • Gode digitale ferdigheiter og lett kunne jobbe i ulike program og utstyr.
  • Fleksibel, positiv og serviceinnstilt.
  • Meistre å jobbe sjølvstendig, men samstundes kunne samarbeide godt med andre, og på tvers av avdelingar.
  • Initiativrik og løysingsorientert
  • Læreviljug og lærenem, men og kunne formidle eigen kunnskap
  • Sans for orden og struktur
  • Personleg skikka.

Arbeidsoppgåver:

    • Digitaliseringsarbeid.
    • Utstyrsregistrering, lagerføring og datafangst.
    • Feltarbeid ute i heile Nord-Gudbrandsdalen – registrering av til dømes behaldarar, konteinarar osv.
    • Lære opp andre i digitale systemer innad i organisasjonen
    • Kvalitetsarbeid.

    Vi byr på:

    • Ei ny og spennande prosjektstilling i ein bransje i utvikling og vekst.
    • Godt arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
    • Lønn etter avtale.
    • Gode pensjon- og forsikringsordningar.
    • Opplæring og kursing.

    Stillinga vil ligge organisatorisk under driftsleiar. Oppmøtestad er kontoret på Dovre/Dombås, men stillinga krev varierte oppmøtestader innad i NGR og Nord-Gudbrandsdalen. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for gode arbeidshøve og nødvendig utstyr. NGR held bil ved mykje køyring.

    For meir informasjon om stillinga ta kontakt med:

    Driftsleiar, Tom André Hånsnar, e-post: tom.andre.hansnar@ngr.no, tlf. 48038444.

    Dagleg leiar, Marit Svanborg, e-post: marit.svanborg@ngr.no, tlf.  90366459.

    Søknad og CV kan sendast til post@ngr.no innan 22.02.2026