Lærar

Utdanning Fast - 50-100% Frist: 20.02.2026 10 stillinger
Vis alle stillingsdetaljer
Kategori Utdanning
Stillingstype Fast
Stillingsprosent 50-100%
Antall stillinger 10
Arbeidssted På Fjellnær friskule
Kommune Lesja
Søknadsfrist 20.02.2026

Om stillingen

Fjellnær friskule er ein ny kristen friskule for 1.–10. trinn, med oppstart i august 2026. Skulen ligg på Lesjaskog i Lesja kommune, tett på naturen og nærmiljøet. Vi ynskjer å gjeva elevane ein trygg, meiningsfull og aktiv skulekvardag – med rom for læring, fellesskap og livsglede. Skulen er nyleg godkjent av UDIR og vil motta statstilskot til drift for inntil 85 elevar.

Vi søkjer no engasjerte og relasjonssterke lærarar som vil vere med og forme ein ny skule frå grunnen av.

 

Fjellnær friskule er

  • friluftsliv og uteskule
  • stor bruk av nærmiljø og lokalsamfunn i undervisninga
  • sterke relasjonar og inkluderande fellesskap
  • ein aldersblanda skule for elevar og familiar med ulik bakgrunn
  • kristne verdiar forankra i respekt og nestekjærleik, med eit godt samarbeid med Den norske kyrkja

Vi ynskjer at du 

  • har godkjend lærarutdanning (eller er under utdanning), men oppfordrar også andre med relevant utdanning og/eller erfaring til å søke!
  • er ein trygg og tydeleg vaksen med hjarte for elevane
  • trivst med undervisning ute og i varierte læringsarenaer
  • ønskjer å bidra aktivt i utviklinga av skulen sitt pedagogiske arbeid
  • har dei personlege eigenskapane vi ser etter

Vi kan tilby deg

  • høve til å vere med og bygge ein ny og verdibasert skule
  • eit engasjert kollegium med tett samarbeid
  • stor pedagogisk påverknad og rom for kreativitet
  • både fulltids- og deltidsstillingar
  • løn og vilkår etter avtale

 

Stillingsutlysinga blir gjort med atterhald om at vi får driftsløyve frå UDIR i juli 2026, noko som mellom anna krev at vi har eit skuleanlegg godkjent av Statsforvaltaren. Dette jobbar vi med fortløpande. Gyldig politiattest må framleggast før ein kan tiltre stillinga.

Send søknad og CV til fjellnaerfriskule@gmail.com innan 20. februar 2026, søknader blir vurdert fortløpande.

Spørsmål kan rettast til Hanne Stine Mølmen Skogland, tlf 96227522.

 

Velkomen til Fjellnær friskule – læring med røter, utsyn og framtidstru!