Lærling i Lom kommune frå hausten 2026

Utdanning Lærling Frist: 02.03.2026 4 stillinger
Vis alle stillingsdetaljer
Kategori Utdanning
Stillingstype Lærling
Antall stillinger 4
Arbeidssted Lom
Kommune Lom
Søknadsfrist 02.03.2026

Om stillingen

Er du klar for å ta steget ut i arbeidslivet – og samtidig lære i eit trygt, inkluderande og meiningsfylt arbeidsmiljø? Da kan ein læreplass i Lom kommune vere akkurat det du leitar etter! Søknadsfrist: 02.03.2026.

Lom kommune ynskjer å ta inn lærlingar frå hausten 2026 innan følgjande fagområde:

  • Helsefagarbeidar (HEA)
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget (BUA)

Kvalifikasjonar

  • Du har bestått Vg1 og Vg2 innan aktuelt fag
  • For lærlingar i HEA og BUA er det krav om godkjent politiattest av nyare dato

Vi tilbyr

  • Ordna arbeidstid og gode arbeidsvilkår
  • Strukturert opplæring med fagleg rettleiing
  • Ein variert og lærerik kvardag
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø der du blir sett og verdsett

Lom kommune er oppteken av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Vi har fortløpande opptak når det gjeld søknader på læreplass.

Søknadsfrist: 2. mars 2026

Gå til søknadsskjema

Som lærling hjå oss blir du ein viktig del av laget. Du får tett oppfølging, god opplæring og moglegheit til å skaffe deg allsidig erfaring. Vi ser fram til å høyre frå deg!