Rektor

Utdanning Fast - 100% Frist: 17.02.2026
Vis alle stillingsdetaljer
Kategori Utdanning
Stillingstype Fast
Stillingsprosent 100%
Antall stillinger 1
Arbeidssted På skulen
Kommune Lesja
Oppstart 01.03.2026
Søknadsfrist 17.02.2026

Om stillingen

Vil du vera med og bygge opp Fjellnær friskule?

Fjellnær friskule er ein ny kristen friskule for 1.–10. trinn, med oppstart i august 2026. Skulen ligg på Lesjaskog i Lesja kommune, tett på naturen og nærmiljøet. Vi ynskjer å gjeva elevane ein trygg, meiningsfull og aktiv skulekvardag – med rom for læring, fellesskap og livsglede. Skulen er nyleg godkjent av UDIR og vil motta statstilskot til drift for inntil 85 elevar. 

Vi søkjer no ein engasjert og inkluderande rektor som vil vera med på å forme ein ny skule frå grunnen av. 

 

Fjellnær friskule er

  • friluftsliv og uteskule
  • stor bruk av nærmiljø og lokalsamfunn i undervisninga
  • sterke relasjonar og inkluderande fellesskap
  • ein aldersblanda skule for elevar og familiar med ulik bakgrunn
  • kristne verdiar forankra i respekt og nestekjærleik, med eit godt samarbeid med Den norske kyrkja

 

Vi ynskjer at du skal

  • vere ein synleg og inkluderande leiar for elevar, tilsette og føresette
  • bygge ein trygg og lærande organisasjon med høg kvalitet
  • leie og utvikle skulen i tråd med verdigrunnlag og pedagogisk profil
  • sikre godt samarbeid med nærmiljø, styre og samarbeidande instansar
  • ta ansvar for personalleiing og dagleg drift

 

Vi ynskjer at du har

  • godkjend utdanning som rektor eller lærar, gjerne med leiarutdanning, men oppfordrar alle med relevant bakgrunn til å søkje
  • erfaring frå leiing eller pedagogisk utviklingsarbeid
  • evne til å samarbeide og bygge gode relasjonar
  • forståing for aldersblanda skule, uteskule og varierte læringsarenaer
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Vi kan tilby deg

  • 100% fast stilling som inneber ein andel undervisning 
  • eit sjeldan høve til å vera med i oppbyggjinga av ein ny skule
  • eit engasjert styre og eit bygdesamfunn som vil skape noko nytt saman, som heiar på deg og vil at du skal lukkast! 
  • løn og pensjonsvilkår etter avtale
  • oppstart etter avtale

Stillingsutlysinga blir gjort med atterhald om at vi får driftsløyve frå UDIR i juli 2026, noko som mellom anna krev at vi har eit skuleanlegg godkjent av Statsforvaltaren. Gyldig politiattest må framleggast før ein kan tiltre stillinga.

 

Send søknad og CV til fjellnaerfriskule@gmail.com innan 17. februar 2026, søknader blir vurdert fortløpande.
Spørsmål kan rettast til styreleiar Elise Tjørnsletten (tlf: 93051593).